Mari sin hobbyblogg

Her kjem eg til å legge ut mine hobbyar som er litt ymse. Kjekt om du legg igjen ei helsing=)

hemmelig bloggvennpakke Mai juni 4, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 4:33 pm

Eg har motatt min hemmelige bloggvennpakke for Mai. Blei superglad! Så mykje fint. Skal få prøve å lagt inn bilde seinere. Spørs om det blir før eg reiser til syden, som er på søndag. Tusen, tusen takk Cafemocca:D

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Ønskeliste til hemmelig bloggvenn Mai mai 16, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 12:16 pm

Det eg kom på i farten er:

- Sydenplagg, noko lett og fint eg kan ha på meg i syden=)

- Embossingpulver i sølv

- ein god cd kanskje. Liker det meste innen musikk. utenom hardrock og heavy.

- Ellers det meste innen hobby. Kanskje nokre kjekke idear no mot sommaren.

Lykke til min hemmelige venn=) Gleder meg både til å motta og lage pakke!;D

 

Sender nok ikkje pakken før eg har fått min “makeup” pakke for MARS!! Då eg og admin veit at dette ikkje går ut over noken andre. Sidan eg blei gløymt igjen!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

etterlysning av hemmelig bloggvenn pakke april 22, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 7:46 pm

Kor er det blitt av marspakken frå min hemmelige venn? :(

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Litt lei april 2, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 3:03 pm

Eg har ikkje fått min pakke frå hemmelig venn endo. Er den berre seint ute, eller er den forsvunnet?=/

Ellers er eg i grunn ganske lei av heile vgb. Etter oppgraderinga til wp har eg falt heilt ut. Er ikkje det same lengre. Derfor vurderer eg å gå over til blogspot.com.  Har oppretta ein konto der, så skal prøva meg litt. Tipper eg skjønner litt meir der.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Ønskeliste Mars mars 15, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 2:41 pm

Litt seint ute med denne lista, men har lugge med influensa og bihulebetennelse sidan eg kom heim frå syden. Så har ikkje fått blogga noko. Om min venn allereie har laga pakken min gjer det ingenting, berre kjekt å bli overraska:)

Tema denne måneden er jo det snør det snør. men sidan det byrjar å bli vår i denne delen av landet iallfall ønsker eg meg meir vårfarger.

*Kjem egentlig ikkje på noko spes eg ønsker meg. Noko som inspirerer meg.

*Magnolia stempler

*Stempler frå kort & godt, kreativ hobby o.l.

*sånne roser som er 3D på ein måte. Ser ut som ekte roser i miniatyrform som er blitt veldig populært å ha på kort og LO.

*Eit garn som heiter On-line, har det i dei fleste garnforretninger.

Kom visst på noko alikavel:P Lykke til min hemmeloge venn. Gleder meg.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Hemmelig bloggvennpakke Februar mars 15, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 2:28 pm

Eg har var i syden i vinterferien. Puerto Rico. Hærlig! Sjølv om det regna ein dag og var overskya nokre dagar, men alltid kjekt med ferie uansett. Då eg kom heim låg det ein pakke i bonken med post som pappa hadde henta for oss. Klarte ikkje å venta med å opna den så har ikkje fått tatt bilde av innpakningen.

I pakken låg det litt scrappestæsj

og mange fine perler, pyntehjerte, snop, te(som blei prøvd med ein gang) og såpe(heimalaga?).

Tusen takk min hemmelige venn for ein fin pakke:)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Kaker februar 25, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 3:34 pm

Her er dåpskaka eg lagde til min barndomsnabo`s barnebarn. Fekk tilbakemelding på at nesten heile kaka blei eten opp på dagen, mens dei hadde kakerester etter dei andre kakene ei veka i ettertid.

Fekk i oppdrag av pappa å lage kake til ein tannlegekompis av han som blei 60-år. Tenkte først å ha ei tann, men det hadde blitt veldig kvitt og kjedelig. Så fann ut at Karius og Baktus var genialt. Blei nøgd med figurane, men resten av kaka blei ikkje så fin, marsipanen var veldig grov, så du ser brune flekker i den. Det blei nok ein travel dag og pappa skulle ha kaka før eit visst klokkeslett så det blei som det blei.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Mine siste scrappeprosjekter februar 25, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 2:17 pm
Stikkord:

Min andre LO. Blei ganske nøgd med denna i og med at eg lagde den heilt på frihand. Ingen skisser eller herming frå andre. Må berre fikse skrifta. Det skal stå “Ut på tur aldri sur” så mangler “ut”.

 

Her er min første LO endelig ferdig. Fann den “pawprints” diesen til slutt.

 

Prøvde å scrappa på lerret. Det var egentlig det samme som vanlig LO sidan eg hadde eit lerret som var 30cm*30cm. Denne ga eg i 1-års presang til Jakob, min fadderunge og nevøen til min samboer. Tenkte han kunne ha den på veggen på rommet sitt så han ikkje gløymer oss:)

 

Sjokoladekort til Svigermor. Blei ganske nøgd med dette kortet(sjølv om eg herma litt etter eit kort i butikken)

 

Fekk i oppdrag å lage dåpskake(neste innlegg) til barnebarnet til min barndomsnabo. Så då fekk eg lyst å lage eit dåpskort og. Men det blei veldig travelt så måtte berre mekke saman noko full fart. Blei kanskje litt veldig rosa.

 

Eit heilt enkelt vinterkort.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Mine siste strikkeprosjekt februar 25, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 1:21 pm
Stikkord:

Har fått dilla på bosnia-tøfler. Var egentlig veldig lett mønster når eg først forstod det. Og det går kjempefort å strikke dei, så det er jo knallkjekt!

Fekk tlf frå min svigermor her ein dag om eg ville vera med søster henar på messa i sommar. Så klart eg ville det! Så no er det storproduksjon av tøfler og kort o.l.

Her har eg strikka sokka av on-line garn. Det var ganske dyrt garn; 105,- men det var jo for 150g så får iallfall 3 sokker utav det, om ikkje 4(har berre strikka 2 foreløbig). Likte så godt at det var fleirfarga garn, for då slapp eg å skifte garn heile tida å ikkje minst så slapp eg å festa ein heil haug med tråder. Noko eg synes er veeldig kjedelig!:P Dei hadde forresten mange fine nøste så trur eg må ner igjen og kjøpe meg i ein anna farge.

Prøvde meg på nokre tova tøfler og. Desse var superenkle. Berre strikker att og fram, syr saman og tover. å så blei dei jo så kjekke. og billige ikkje minst. Garn frå Europris til ca 15kr stk.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Hemmelig bloggvenn pakke og ønskeliste februar 8, 2009

Lagret under: 1 — mari_iram @ 9:20 pm
Stikkord:

Ønskeliste Hemmelig bloggvenn Februar

Tema denne måneden er minner.

Eg har jo tenkt lenge no på å leite fram alle bildene min eg har på datan og på cder og fremkalle ein heil haug så eg kan scrappa. Så nok ein gong ønsker eg meg:

*Scrappeting

-dies, både 2*2″ og 4*4″

-liker alle typer swirler, kanskje noko stempel swirl?

-”tøy” blomar og det meste innen scrapping du måtte komma på.

Har og lyst å begynne å lage smykker så då ønsker eg meg:

*Utstyr, perler, låser osv til ein nybegynner. Sånn at eg får komt litt i gang.

Eller min venn kan sjølvsagt overraske meg:) Lykke til min hemmelige venn.

Hemmelig bloggvenn pakke Januar

Her kjem endelig hemmelig bloggvenn pakken min for Januar. Har ikkje fått lagt ut bilder før no pga denne oppgraderinga..

Fekk fine bloma, Kjempefine band, genialt at dei var sjølvklebande! Og sist, men ikkje minst Stempel. Border stempel. Midt i blinken for meg altså! Tusen takk min hemmelige venn!:D

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00